Jølsterlia
På garden vår har det vore fiskemottak i over 50 år. Når vi no har bygd om fiskemottaket til moderne standard er vi godt rusta til å vidareføre denne tradisjonen.
Her kjem dei lokale fiskarane inn med auren tidleg om morgonen og vi set den rett på kjølerom. Ein del av auren vert det laga rakfisk av, og den andre vert lagt i is og sendt rett ut som ferskfisk. Vi vakumpakker og frys også ein del av fisken.